Kva er breiband?

Om Breiband

 

 

Breiband nyttar du mellom anna til å surfe på Internett. Med breiband kan du henta eller senda informasjon mykje raskare enn med tradisjonell telefonline eller ISDN.

For betre å forstå kva breiband er, kan det vere nyttig å skilje mellom dei ulike tenestene som blir tilbode, og sjølve overføringsteknologien som vert nytta for å tilby desse tenestene.

Mange tenester

Breiband gjev eit tenestetilbod som gjer brukaren i stand til å henta eller sjølv senda store mengder digital informasjon.

Mange norske husstandar er knytt til tenesta. Dei brukar breibandet mest til ulike internettenester som nettsurfing og e-post, men òg for TV-sendingar (som ikkje nødvendigvis kjem via Internett), ulike typar spel, telefoni, radio, biletoverføring, video og musikk.

Fleirtalet av husstandane har tilbod om breiband frå minst ein tilbydar, og dette gjer Noreg til eitt av dei leiande landa i Europa innan dette området.

Rask tilgang til informasjon

Breiband er ikkje ein stor, brei kabel, men skildrar populært sagt ei tenesta der tilgang til informasjon er mykje lettare, og framfor alt mykje kjappare enn ved bruk av tradisjonell telefonline eller ISDN.

Kva vert rekna som breiband?

Regjeringa har i fleire år arbeid mot eit uttalt mål om å sikra breiband til alle. I denne definisjonen vert det kravd at kapasiteten skal vera over 640 kbit/s for å kunna reknast som breiband.

I utgreiinga til Regjeringa, "Bredbånd til hele landet", blir breiband skildra enda meir ambisiøst med overføring av minst 2 Mbit/s (2048 kbit/s).

Korleis vert breiband levert?

Ulike leverandørar tilbyr ulike typar breiband, frå ADSL, som vert overført i det tradisjonelle telenettet, til fiberkabel som vert lagt i jorda.

Eit typisk privatabonnement i Noreg levere kapasitet på omtrent 6-8 Mbit/s fram til brukar og omtrent 1 Mbit/s frå brukar. Dette fordi privatbrukarar ofte ynskjer å henta meir informasjon og større datafiler frå nettet enn det dei sjølve sende.